Uttalelser/Jerusalem-brevet i FN med hjelp fra KKN

Jerusalem-brevet i FN med hjelp fra KKN

Leiarartikkel i Norge Idag - fredag 30. juni 2017
Finn Jarle Sæle
30. Juni 2017

Jerusalem-brevet i FN med hjelp fra KKNJERUSALEM: Leiarar frå heile verda ber om at Jerusalem forblir sameint under israelsk suverenitet.Jerusalem-brevet i FN med hjelp fra KKNDet er med glede vi kan noterer oss at Europeisk Koalisjon for Israel ved leiaren, Tomas Sandell i Brussel, som og er Norge IDAG sin internasjonale spaltist, har overrakt eit ope brev til Jerusalems borgarmester, Nir Barkat, under eit møte i FN i New York. Brevet slår fast dei rettferdsgrunnar som gjer det klårt at Jerusalem er berre hovudstad for ein stat: Israel.

Det er den gamle folkeretten, som ingen norsk utanriksminister kan kjenne ugyldig. Israel fekk ved fredskonferansen i San Remo i 1920 og i Folkeforbundets charter i 1922 åleine statsretten i Palestina, det gamle jødeland, og sjølvsagt også sin gamle hovudstad Jerusalem. Denne fredskonferansen handsama stoffet og rettferdstenking på 1100 sider. Og arabarane fekk til sist 500 gonger meir land enn den jødiske minoriteten, sjølv om dei ikkje hadde 100 gonger større folketal enn jødane i det området som skulle delast, då den islamske okkupasjon og det osmanske imperiet var historie etter første verdskrigen.

Palestinamandatet bør slike glitrande utanriksministre som tidlegare Jonas Gahr Støre og noverande, Børge Brende, lese. Dei tar båe radikalt feil, og presenterer ei historieforfalsking som sanninga om folkeretten stadig vekk på tv-skjermen. Dei seier at «bosettingar» er i strid med folkeretten eller internasjonal rett. Det er totalt feil.

Folkeretten seier at jødane skal ha «tett bosetting», innvandringsretten og statssuvereniteten i dette området, slik som arabarane fekk i eit 500 gonger større område, og palestina-arabarane etter kvart i Jordan, som utgjer 2/3 av det området som først var tildelt jødane.

Difor seier den nye muslimske folkerørsla i Jordan, det same som oss. Dei les folkeretten som oss. Dei seier: Plag ikkje jødane og Israel meir. Vi har fått ein stat som palestina-arabarar. Det er Jordan. Her er 70 prosent av oss palestina-arabarar. Israel har retten både til landet og byen sin.

50 presidentar, visepresidentar, statsministre og parlamentarikarar, samt 50 internasjonale kristenleiarar, har erklært støtte til Israel sin suverenitet over Jerusalem. I brevet heiter det at dette er den beste garanti for eit sameint og ope Jerusalem der menneske av alle trossyn kan leve fredeleg saman. Det opne brevet heter «Bevar Jerusalem sameint som hovudstad for staten Israel».

Fire norske topp-politikarar, Carl I. Hagen, Jørund Rytman (Frp), Hans Fredrik Grøvan og Geir Toskedal (KrF) har skrive under på brevet, samt også rumenske senatorar, som nyleg var i Norge, Titus Corlatean (Roma-nias utanriksminister 2012-2014) og Ben-Oni Ardelean.

Styreleiar i Kristen Koalisjon Norge, Jan-Aage Torp, som til daglig er leder for et stort europeisk karismatisk leiarnettverk, er blant dei 50 internasjonale kristenleiarane som blei bedne om å skrive under på brevet.

Her ser vi tydelege teikn på kor viktig det er at samfunnsreformatorisk arbeid i Norge ikkje vert drive isolert fraå vårt europeiske kontinent. Vi får hjelp frå Europa, men vi er også til hjelp for Europa.

Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone