Uttalelser/Det norske folk må få sanninga - til slutt

Det norske folk må få sanninga - til slutt

Lederartikkel i Norge Idag - 16. juni 2017
Finn Jarle Sæle
14. Juni 2017

Det norske folk fortener journalistar som rapporterer kva som faktisk skjer. Måtte det, før eller seinare, bli ei omfattande rettssak, om Brennpunkt-programmet «Pengepredikanten». Det var eit av dei verste falskneri i norsk journalistikk, slik vi ser det.

Det norske folk må få sanninga - til sluttREFORMATOREN MARTIN LUTHER: I sin katekisme sa Luther i forklåringa til det femte bodordet at å skade nestens gode namn og rykte er å slå ihjel. Det har media ikkje tatt alvorleg. Vi må gjere noko med det i reformasjonsåret. Nestekjærleiken må gjelde pressa og.Det norske folk må få sanninga - til sluttVi treng eit forum der båe sider kan legge fram sitt bevismateriale – for uavhengige domarar. Kringkastingsrådet og Pressens faglege utval som behandla saken vel og lenge, og aldri så ut til å bli ferdig, blei bukken som passa havresekken. Dei kom ikkje nær i å høyre båe partar.

Vi finn ingen svar på innvendingane våre, punkt for punkt, i drøftinga til Kringkastingsrådet og Pressens faglege utval. Det trengs ei stor prinsipiell rettssak, med objektive domarar.

Den må handle om uthengings- og demoniseringsjournalistikken i NRK mot Visjon Norge, konservative kristne (og Israel). Jan Hanvold blei gjenstand for eit karaktermord. Injuriane har skada Visjon Norge økonomisk – så dei bør ha millionar i erstatning. Det er vanleg når bedrifter bli attakkerte av konkurrentar med falsk og skadeleg informasjon.

Journalistar som skryt av andre journalistar er ikkje godt nok domarpanel. Det såg vi i Kringkastingsrådet og Pressens faglege utval. Dei kom ikkje frå si handsaming med ære.

Det er god tid på denne store prinsipielle saka om media som forfølging av andre – under dekke av det å grave fram fakta.

Vi har her sett nokre av dei verste døme på fake news.

Foreldringsfrist for løgnaktige injuriar skal vere 15 år. Før det bør det skje noko.

No går det over stokk og stein med norske media. Dei kan fritt attakkere nestens namn og rykte. Martin Luther sa at dette var likt med å slå i hel. Det var brot på det femte bodet. For oss er det ein del av reformasjonsjubileet og kjempe for slike bodord – som vernar nesten mot skadeverk – og å få nestekjærleik inn i journalistikken

Vi treng så mykje kjærleik til andre at vi held oss borte frå fake news, om Israel eller bibeltru kristne, anten det er bedehuset, Jan Hanvold eller pastorar som blir utsett for det.

Jan-Aage Torp fekk ein norsk tv-produkson imot seg, som sterkt ville sette ned hans omdøme på grunn av at han sa det same som Bibelen om homoseksualitet. Filmen blei synt i 90 land. Det var rein personforfølging og fordømning av ein pastor med eit bibelbasert synspunkt.

Mindretalet på kyrkjemøtet blir no hengt ut i lokalavis etter lokalavis som mindre nestekjærlege enn dei andre. Fake news og freistnad på karaktermord igjen.

Om ikkje dei som er i kyrkja no skjønar at dei må henge saman, blir dei hengt ein for ein.

Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone