Uttalelser/Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten? Del 2

Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten? Del 2

Finn Jarle Sæle
10. Mai 2017

Kva kan vi gjere for å fikse Leviathan?

Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten? Del 2Revolusjon: Bergen kommune, med det største kommunale bygg i regionen, (over) bruker 50 gonger lengre tid på ei byggesak enn Os kommune med desto mindre bygg (nedenfor). Men ein byråd i Bergen seier til BT at kommunen kan få færre ansatte og ledige kontorlokale når ein automatiserer sakshandsaminga og får kortare ekspedisjonstid. Redaktørane i The Economist har skrive bok om dette. Den heiter: «Den fjerde revolusjonen. Det globale kappløpet for å reformere Staten».Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten? Del 2Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten? Del 2Redaktørane av The Economist talar om dei fire «forferdelege» antakingar eller føresetnader (assumptions), som må ut av det kollektive medvetet. Om vi skal fikse den forvaksne, overregulerende og overbyråkratiserende staten.

1. - Det første er at staten (eller bilfabrikken) skulle gjere så mykje som mogleg sjølv.

Dei første bilfabrikantane gjorde alt frå å smelte stål til å polere bilane. Denne versjonen av skaparkraft triumferte seinare i Sovjet-unionen. Men norske kommunar ser ut til å tru på modellen den dag i dag.

Dette har gjeve oss lærarorganisasjonar som gjer skulen ineffektiv med sine krav. Og den har trengt den private effektiviteten og frivillige organisasjonar ut av offentleg sektor, seier The Economist, i boken «Den fjerde revolusjonen»

2. - Den andre falske føresetnaden er at avgjerslene i staten skal vere sentraliserte.

Vi kan overføre dette til norsk med følgjande døme: Ein vil ha samfunnet sentralisert, slik som Arbeidarpartiet vil og ikkje desentralisert som Sp vil. Korleis dei to partia kan gå i hop i regjering, er like uutgrunneleg som sfinxen i Egypt.

Denne føresetnaden om sentralisering går tilbake til midten av 1900-talet, då ulike regjeringar laga blåkopien for velferdsstaten. Men no er denne løysinga like effektiv som ein kval på land. Han er dysfunksjonell. Kjem ikkje ein fjerde revolusjon, går det vestlege økonomiske leiarskapet under, seier the Economist.

3. - Den tredje «forferdelege» føresetnaden for den dysfunksjonelle vestlege staten er at alt skal vere så likt som mogleg.

Byråkratane vil ha alt uniformert. Suksessen med masseproduksjon etter verdskrigen overtydde dei om det. Men denne føresetnaden er gått ut på dato i ei ny tid med fleksibel produksjon og kosumentval.

4. - Den fjerde og siste «forferdelege» føresetnaden er at alle endringar må ein motstå, for dei er til det verre.

Den offentlege sosialdemokratiske sektor har eit motto: Gjer aldri noko for første gong. Du gjer karriere ved å følge reglane, halde hovudet lågt og halde oppe showet på vegen. I offentleg sektor vil forsøk på innovasjon og fornying, få deg i trøbbel. Det er det einaste som kan gjere at du får sparken der, skriv redaktørane av the Economist.

Freistnader på å endre systemet kan føre til spørsmål i Stortingets spørretime og heksejakt.

Tony Blair, tidlegare engelsk statsminister, sa det slik: «Dei som jobbar i offentleg sektor har meir enn noko anna gruppe røter i oppfatninga at dersom det alltid er gjort på denne måten, må det alltid gjerast på denne måten.»

Men den glade bodskapen er at alle desse føresetnadene no blir revidert i landa som går foran i ein fjerde revolusjon.

Dei skandinaviske landa, minus Norge, blir nemnd av redaktørane av The Economist.

Og vi må leggja til at Israel er det gamle sosialistiske landet som har blitt verdsleiande ved å kome seg først ut av tilstivnings-krampa. Israel blei forvandla til start-opp nasjon. Israel grunnla fleire teknologiselskap i fjor åleine enn heile Europa til saman.

Ikkje rart kommunestyret med raud farge i Trondheim og Tromsø vil boikotte Israel, og seie nei til alle israelske komponentar i dei mest kjende datamaskiner, mobiltelefonar, Facebook og Google.

Det blir gøy så sjå korleis dei raude lukkast med det! Lukke til, må vi jo seie. For lett er det ikkje, å gå tilbake til førmoderne tider i dei to byane. Klarar dei det, blir det interessant.

Men «Den fjerde revolusjonen» er på veg. Han kan starte i Bergen kommune, så vidt vi forstår. Det tyder ein slankare stat som får mykje meir gjort - for halve prisen av det som det kan koste i dag, når vi samanliknar med Sverige.

Robotar og automatisering gjer denne bølga av innovasjon uunngåeleg. Fire falske føresetnader i statleg og kommunal administrasjon, kan bli fjerna - så vi kan overleve økonomisk.

Då vil flaumen av modernisering og avregulering komme over landet. Plan- og bygnings-lova og dei andre stempellovene, som er eit døme på dårskapen og hindringar i offentleg sektor, er snart over.

10 år til – og fornuften er tilbake. Då blir dei sovjetiske sju-åtte stempla, som no er det som tel i byggeprosessen, erstatta av innsikt, hjelp, samarbeid og høgare kvalitet på alt.

Svensk sosialdemokrati fekk sin sosialistiske arv frå Frankrike.

Vi fekk den frå Moskva. Difor ligg Sverige framfor oss i modernisering av staten. Og derfor er det så mange Moskva-tendensar her til lands på alle nivå.

Friskulen vert hylla i Sverige og forfølgd i Norge. Kommersielt er bra i Sverige og tabu i Norge – i dei fleste politiske parti.

Dag Inge Ulstein, Byråd for bolig i Bergen, seier til BT at Bergen snart kan leige ut kontorplass til bustadar. Den nye robotiseringa, og kravet frå innbyggjarane om raskare handsaming av saker, har nådd Farao. Med enklare reglar og meir maskiner går sakshandsaminga raskare på alle kontor i framtida. Opp til 80 prosent av kontorplassen vert ledig, syner forsøk. Byråden i Bergen vil handle før Israels folk dreg sin veg – til eit anna og betre land.

Vi risikerer slik det no er at store deler av Bergen må flytte til Os for å kunne skape nye arbeidsplassar og klare etableringa av nye bedrifter. Os har ei veke for å ekspedere ei byggesak. Bergen 50 gonger så lang tid.

Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone