Uttalelser/Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten?

Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten?

Finn Jarle Sæle
05. Mai 2017

Vi må fikse Leviathan, seier redaktørane av The Economist, det verdsleiande bladet. Leviathan er eit uttrykk for den forvaksne ineffektive staten. Uttrykket er gamalt i den politiske filosofien, og inspirert frå Bibelen.

Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten?Strukturendringar: Tre viktige debattbøker peikar på at vi treng ein ny, slankare og meir effektiv stat, for å kunne ta vare på velferd og fridom.Men korleis kan ein fikse staten med stor S, som har blitt så stor at han er eit trugsmål mot både velferd og fridom? Fordi han som ein kval på land ikkje leverer/produserer. Fordi ein total stat blir totalitær og resulterer i ufridom, gjennom over-regulering og overbyråkratisering.

Dette siste aspektet er det debattboka om «Den store degenereringa» tek opp. Forfattaren er Niall Ferguson, verdsleiande professor ved Harvard og eksperten på «Historia om pengane», som blei både film og bok, på BBC og på NRK.

Framsidebilete på boka fortel kva lagnad som ventar oss med ein overregulert stat. Ferguson har teikna staten som eit hus, skakt, med tak delvis av og vindaugo delvis ute. (Sjå faksimile til høgre.) Han teiknar et bilete av den fasen han meiner at den vesteuropeiske staten er i, i vår tid.

Med reguleringar på vegen mot paradiset

Så vi kan slå fast: Økonomane og historikarane, dei fremste i verda, har åtvara oss. Men politikarane byggjer ivrig vidare på konstruksjonen sin. Dei er overtydd om at med litt fleire planar og reguleringar så er vi snart i det tapte paradiset.

Dei fremste økonomiske ekspertar åtvarer mot kontrollsamfunnet.

Boka «Den fjerde revolusjonen» av Mickletwaithe og Wooldrige, redaktørane av The Economist, tar spørsmålet opp i boka «Den fjerde revolusjonen».

Kan vi fikse den politikar-skapte Leviathan? Slik spør dei.

Redaktørane av The Economist fører her inn eit historisk resonnement, som er optimistisk. Staten har gjennomgått tre store endringar dei siste hundre år, tre transformasjonar. Og den fjerde revolusjonen er alt i gong i nokre vestlege land, under presset av globaliseringa.

For i fattige i India lagar dei moderne høyteknologisk medisin til ein brøkdel av prisen av det som skjer i Amerika og Europa der helsekostnadene kan ta livet av dei.

Lær av Sverige

Måten Sverige takla si bankkrise på i 1989, der sjukehusa blei effektiviserte, liggetida gjekk ned med nyskaping innan helse, er eit førebilete for å fikse Leviathan, den mistilpassa staten.

Vi er midt inne i den fjerde revolusjonen. Og vestlege styresett står i fare for å bli «left behind». Det siste er også eit uttrykk frå Bibelen, der kyrkjelyden blir bortrykka og dei ufrelste blir att og må gå gjennom trengslene på jorda.

Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten?VI ER MIDT INNE I DEN FJERDE REVOLUSJONEN, OG VESTLEGE STYRESETT STÅR I FARE FOR Å BLI «LEFT BEHIND». SLIKE BILETE NYTTAR ALTSÅ ØKONOMANE FOR Å FÅ FRAM AT DET DU SER I DIN EIGEN STAT OG KOMMUNE AV OVERDI-MENSJONERING OG INEFFEKTVITET, IKKJE ER EIN BAGATELL.Men slike bilete nyttar altså økonomane for å få fram at det du ser i din eigen stat og kommune av overdimensjonering og ineffektvitet ikkje er ein bagatell. Vegen til Paradis går ikkje gjennom Plan- og bygningslova.

Den første gongen ein «dysfunksjonell stat» blei retta opp var då vi utvikla eit liberalt demokrati i Vesten gjennom tre revolusjonar av staten eller statsapparatet, dei siste 500 åra.

Den første revolusjonen kom med utviklinga av nasjonalstaten, ei unik nyvinning.

Den andre kom med den liberale staten, bygd på den politiske liberalismen, som sprang rett ut av den metodistiske vekkinga sitt England. Vekkinga blei den politiske liberalismen sin åndelege ryggrad, seier idé-historikaren Sabine.

Den tredje revolusjonen kom med velferdsstaten, der vekking og arbeidarrørsla gjekk hand i hand.

Historia driv med overtydande kraft fram det kraftfulle argumentet: At suksessen til eit land i høgste grad er avhengig av evna til å finne opp statsstyringa på nytt, skriv redaktørane av The Economist.

Og mesteparten av Vesten feilar i denne oppgåva si.

Landa blør og er stogga opp. Dei er seinka djupt i gjeld. Dei fell tilbake i den konkurransen global kapitalisme utset dei for.

Det er difor arbeidsløyse er alt mange unge i europeiske land veit om – og kan sjå fram til. Boka «Den fjerde revolusjonen» analyserer krisa og peikar mot framtida.

Den fjerde revolusjonen får vi ved at staten blir slankare, avregulert, og ikkje tek på seg å gjere alt som private kan gjere betre og billegare. Slik sikrar ein både eigedomsretten og det personlege initiativet. Og staten skal ikkje lenger betale alt for alle, seier redaktørane av The Economist.

Er det Framstegspartiet, Høgre eller KrF som vil utvikla den moderne staten – og føre oss gjennom den fjerde revolusjonen.

Kan vi fikse Leviathan – den forvaksne staten?ER DET FRAMSTEGSPARTIET, HØGRE ELLER KRF SOM VIL UTVIKLA DEN MODERNE STATEN – OG FØRE OSS GJENNOM DEN FJERDE REVOLUSJONEN.Det er heilt klårt at det svenske sosialdemokratiet har teke eit steg i riktig retning og får ros av The Economist som vegvisar til framtida. Kvifor? I Sverige er ikkje orda privat eller privatisering skjellsord lenger. Der er halvparten av skulane privatiserte – og mange av dei er drivne kommersielt. Svenskane er glad for nyordninga.

Det er ein merkeleg ting med Sverige. Det er dobbelt så mange svenskar som nordmenn, men vi har akkurat like stort statsbudsjett, rundt 1100 milliardar. Det vil jo seie at kvar nordmann kostar like mykje som to svenskar i offentlege utgifter. Men svenskane har ikkje sjukehuskøar og har bygd alle sine motorvegar, noko Norge knapt har byrja på. Å tenkje er å samanlikne.

Svenskane er ei suksesshistorie utan olje. Norge kan bli ein tragedie på statleg overforbruk, med olje. Ikkje ein politikar snakkar om det. Media er tause. 70-80 prosent av journalistane røyster sosialistisk og er forelska i det norske overforbruket og ineffektiviteten – og ser mest på det som «den nordiske modellen» eller paradiset.

«Den nær på perfekte folk»

Dei som ser på landet vårt med utanlandske auge er ikkje samd med dei. Michael Booth, den engelske journalisten, spår at det norske forsøket kan ende i katastrofe. Overforbruket og ineffektiviteten i statleg sektor er for stor. Det kan vi lese om i boka «Dei nær på perfekte folka: Sanninga om det nordiske mirakelet.»

Han tar for seg Norge som landet som får minst att for den gigantiske pengebruken sin. Det er ikkje vanskeleg å forstå om du bur i Bergen.

I Os kommune, med ein liten administrasjon, handsamar dei byggesak på ei veke. I Bergen kommune, med stor administrasjon, tek det 50 gonger så lang tid. Slikt blir dyrt i det lange løp. Difor måtte dei innføre eigedomsskatt som enker og farlause skal betale i februar – slik at dei ikkje har noko att å leve av den månaden.

Det kostar å vere kar.

Relaterte dokumenter
Powered by Cornerstone